Krigane i bakgrunnen

Kvart minutt kjemper andre menneske for livet i Palestina og Ukraina. Kva gjer det med oss at dette får bli bakgrunnsstøy heller enn ei spore til handling?

For å seie det med ein gong: Å skrive om dette, snart 650 dagar inn i Israels folkemord på palestinarane og meir enn tre år inn i Russland sin fullskalainvasjon av og krig mot Ukraina, kjennest meir eller mindre som å rope ut i verdsrommet. Og der går det jo ut på eitt om ein bannar og sver, skrik eller syng: Ingen høyrer det.

Sjølvsagt har ord avgrensa verd i møte med sterke militærmakter som Israel og Russland. Men stadig meir kjenner eg òg korleis orda kjem til kort overfor regjeringa og stortingsfleirtalet frå status quo-partia. Enorme mengder velvalde ord – appellar, kronikkar, dikt, rapporter, vitnesbyrd, underskriftskampanjer, slagord, oppmodingar og proposisjonar – har det siste halvanna året vore kasta inn i kampen for å få regjering og stortingsfleirtal til å ta i bruk alle verkemidla Noreg har for å stanse Israels folkemord på palestinarane. Ingen kan påstå at det har mangla ord: skarpe, presise, tydelege, saklege, desperate, fortvilte ord. Framleis er det norske oljefondet framleis tungt investert i ulike israelske selskap og bidreg til Israels ulovlege okkupasjon.

Ordvalet betyr noko

Korleis me snakkar om folkemord, krigsbrotsverk, invasjon, okkupasjon og imperialisme er likevel ikkje likegyldig, uansett kor i verda det skjer. Skal me vere “bekymra” over ein “konflikt” eller fordømme brotsverk mot menneskeheita? Skal me snakke om at “begge sider må bidra” eller plassere ansvaret hos overmakta som går fram i strid med folkeretten? Ein gong i framtida (når, som Omar Al Akkad så treffande har sagt det, “alle kjem til å alltid ha vore mot dette”) vil historikarar, sosiologar og statsvitarar med like delar forferding og fascinasjon studere kva slags språkbruk og narrativ som bidrog til at me var passive vitne til – eller faktisk medverka til og la til rette for – det eine eller andre folkemordet, den eine eller andre okkupasjonen. Slik desse mekanismene har blitt studerte for Nazi-Tyskland sitt holocaust og medverknaden til det (mellom anna frå norsk politi, som deporterte jødar til konsentrasjonsleirane i 1942); for folkemordet på armenarane i Det osmanske riket; for bosnisk-serbiske styrker sin massakre på bosniske muslimar i Srebrenica, som krigsforbrytingstribunalet ICTY slo fast var folkemord; for folkemordet i Rwanda og for Holodomor, for å nemne nokre døme.

Det starta ikkje 24. februar 2022 eller 7. oktober 2023

Russisk imperialisme overfor landet og folket me i dag kjenner som Ukraina og ukrainarar er ikkje av ny dato, og me må mykje lenger tilbake i tid enn annekteringa av Krym i 2014 såvel som fullskalainvasjonen 24. februar 2022. Både Tsar-Russland og seinare Sovjetunionen underla seg ei lang rekke territorium og etnisitetar på klassisk imperialistisk vis med assimilasjonspolitikk, usynleggjering og/eller appropriasjon av ukrainsk språk og kultur. Putin er berre ein i rekka av russiske statsleiarar med ønske om territoriell ekspansjon, og Russland vidarefører ein lang tradisjon for imperialistiske framstøytar i sine forsøk på å tilta seg Ukraina.

Samstundes, ein heilt annan stad, er det no 77 år sidan 1948 og Nakba – opprettinga av staten Israel på land der palestinarane allereie budde, og den påfølgande fordrivinga av det palestinske folket. Sjølve det historiske grunnlaget for Israel som fenomen gjer at kritikken av Israels okkupasjon og folkemord ikkje kan avgrense seg til Netanyahu si regjering, men gjeld heile den israelske staten som fenomen.

I begge tilfella gjeld det at fredsforhandlingar ikkje må bli eit knefall for ein stat som framleis vil ha meir territorium og berre ventar på den rette augneblinken. Å forvente at Ukraina i “fredens” namn skal oppgi forsvarskampen, medan Russland trappar opp si bombing av bustadblokker og sin dronekrig mot ukrainske byar, blir å gi eit fortrinn til aggressoren og imperialistmakta Russland. Det provoserer meg når partiet som kallar seg Fred og Rettferd hevder at å sende vapen til Ukraina “bidrar bare til å forlenge lidelsene, ved å utsette nødvendige fredsforhandlinger”, og gjer seg til Russlands-apologetar med analysen “Krigen ble utløst av NATOs mål om å ta Ukraina inn som medlem, og kan stanses ved å skrinlegge dette målet”, som det står i FOR sitt program på nett.

For all del, NATO har sjølvsagt sine interesser i dette. Men det er på høg tid å gravlegge det falske premisset om at det blir fred i verda dersom Russland (eller kva stormakt som helst) får ture fram uhindra! Imperialistiske statar endrar ikkje grunnleggande karakter om motstanden uteblir. At NATO gir Russland mange gode påskot til å halde fram med si vidare opprusting, er så si sak (eg er heller ingen fan av amerikanske militærbaser på norsk jord). Men eg kjøper slett ikkje argumentet om at Russland berre reagerer på kva NATO gjer. Er det verkeleg nokon som trur at Putin som president, eller kven som helst i hans posisjon i ein autoritær nasjon, ikkje ville funne eit eller anna rasjonale for å ruste opp og grabbe til seg land uansett?

Det er ikkje over når det forsvinn frå mediebildet

Nyhende frå Palestina og Ukraina lir for tida utanriksstoffets vande skjebne med å gli inn i bakgrunnen og ut i gløymsla for norske medier gjennom fellesferien. Med eit mogleg unntak for USA er det lite å finne om kva som skjer i verda. Jernlova om identifikasjon som nyhendekriterium ser ut til å diktere at utfartstrafikk på norske vegar, badetemperaturar og ubetydelege irritasjonsmoment på sydenhotell får forrang.

Det skremmer meg at denne verkelegheitsflukta er blitt så sjølvsagt. Eg meiner ikkje dermed å seie at ein skal sjå direktesendt folkemord og ekspansjonskrig døgnet rundt, det eg snakkar om er å anerkjenne at det framleis føregår. Korleis må det ikkje vere å ha slekt og vener som er fanga under bombardement i Kyiv eller Khan Younis, medan alt berre siglar videre i det norske samfunnet du bur i?

Bilda me har vent oss til å sjå og høyre frå Gaza (og den okkuperte Vestbreidda!) og Ukraina vitnar òg om kva me som samfunn har vent oss til å godta som kvardag – ikkje vår kvardag, vel å merke, men andre sin. Eg merker sjølv at eg ikkje reagerer som før på bileta og videoane av utbomba bustadblokker, sivile med blod som renn frå flenger i hovudet, gråtande og skjelvande barn. Men her er greia: Problemet er ikkje eigentleg at me, du og eg, ikkje reagerer så sterkt som venta på kjenslene sitt plan. Nei, det er at reaksjonane – dei politiske, økonomiske, administrative – langt på veg uteblir frå politisk leiarskap i regjeringa og stortingsfleirtalet, frå dei som har dei beste føresetnadane for å tale med tyngde og handle resolutt. Fleirtalet sit stille i båten. Som om desse uhyrlegheitene er blitt ein ny baseline. Og det kan ikkje vere rett. Ikkje moralsk, ikkje politisk, ikkje menneskeleg.

Passiv politisk leiing

Den første gongen eg eigentleg såg ein video der ein bustadblokk blei bomba sønder og saman, var under ein av Israels militære kampanjar mot palestinarane på Gaza-stripa. Eg trur det må ha vore i 2014, og som så mange gongar seinare var det eit klipp som sirkulerte i sosiale medier; eg hugsar berre det kvalme suget i magen då heile bygget på skjermen liksom rista før det raste saman i ei langtrekt rørsle følgt av ein oppvellande sky av støv, tanken på kor mange som frå ein augneblink til den neste blei kvesta og drepne under tonna med knuste steinblokkar, bjelkar, bygningsdelar, armeringsjern. Og dei siste åra har me sett desse bilda så ofte, samstundes som dei har blitt følgde av slik ei øredøvande stille og slik ein mangel på politisk leiarskap og handling frå regjeringa og stortingsfleirtalet, at meldinga til oss, folket, ikkje er til å ta feil av: Alt skal halde fram som før.

Men det kan det ikkje.

Eg håpar alle vil stille større krav til folka dei stemmer på som sine representantar i stortingsvalet denne hausten. Ikkje minst med tanke på kva dei som blir valde inn gjer mellom vala og korleis partiet stemmer på Stortinget (for dei som er representerte på tinget) når det faktisk gjeld.

Også i utanrikspolitikken.

Neste
Neste

Ingen korrektur utan invitt